-

Tiltak og tenester for barn og unge i Solund

Solund kommune har ein avtale med Kinn kommune om bruk av jordmortenester.

Jordmor har kontor på Sunnfjord medisinske senter i Florø. Meir informasjon om tenesta finn du her

Solund legekontor
Solund legekontor er lokalisert i 2.etasje på Solund Helsetun.
Meir informasjon om legetenesta finn du her

Helsestasjontenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskeltilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Her kan ein få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling. Helsestasjonen samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.

Barn under skulealder får tilbod om oppfølging og faste kontrollar hos helsesjukepleiar og lege på helsestasjonen. Tilbodet følgjer eit standardisert program med 14 konsultasjonar frå fødsel til 4 års alder, inkludert heimebesøk ved fødsel.

Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen om du har spørsmål eller opplever små og store utfordringar i kvardagen.

Solund Helsestasjon ligg i 2.etasje på Solund Helsetun. Meir informasjon om tenesta finn du her

Skulehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom mellom 5 og 20 år. Skulehelsetenesta skal bidra til god helse blant barn og ungdom, slik at dei opplever meistring, trivsel og struktur i skulekvardagen.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale. Helsesjukepleiar har faste kontordagar skulen.

Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan også ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp. Skulehelsetenesta tilbyr også:

  • Skulestartundersøking (i 1. trinn på barneskulen)
  • Undervisning i grupper og klassar om blant anna fysisk, psykisk og seksuell helse
  • Helsesamtale i 8. trinn
  • Veging og måling
  • Vaksinering

Les meir om skulehelsetenesta her

https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/skolehelsetjenesten/

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit gratis tilbod for ungdom opp til 25 år. . Her kan du få hjelp og råd frå helsesjukepleiar, lege og evt. jordmor og psykolog. Dei som jobbar der har teieplikt.

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Menstruasjonen
  • Forelsking og andre kjensler
  • Røyking, snus og anna rusrelatert
  • Graviditet
  • Seksualitet
  • Problem på skulen eller heime
  • Einsemd
  • Etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt overgrep, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Samtale
  • Graviditetstest
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Gratis kondomar
  • Testing av kjønnssjukdomar
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet

Her finn du meir informasjon om Helsestasjon for ungdom i Solund

Solund barnehage er ein treavdelings kommunal barnehage. Meir informasjon om barnehagen og søknadprosess finn du her

Solund skule ligg i Hardbakke sentrum. Skulen er ein 1-10 skule med SFO. Meir informasjon finn du her

PP-tenesta skal hjelpa barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Formålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Eksempel på særskilde behov kan vera:

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Syn- og høyrselsvanskar
  • Generelle lære- eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • Matematikkvanskar
  • Nonverbale lærevanskar

PP-tenesta kan gi foreldrerettleiing, og rettleiing til tilsette i barnehage og skule.

PPT Ytre Sogn og Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Solund, Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Høyanger.

Les meir om PP-tenesta (PPT) på utdanningsdirektoratet sine sider

Hardbakke tannklinikk

Hardbakke tannklinikk ligg i Hardbakke Senter på Hardbakke. Tannklinikken er ein ambuleringsklinikk, og er bemanna med tannlege, tannpleiar og tannhelsesekretær 1-3 gonger i månaden.

Les meir om tannhelsetenesta her

Fysioterapeut kan hjelpe barn og unge som har utfordringar med motorikk, bevegelse, leik, aktivitet og deltaking. Basert på ei kartlegging av funksjonsevne blir det vurdert kva som er behovet og aktuelle tiltak, til dømes behandling, rettleiing eller tilrettelegging. Fysioterapeut samarbeider med andre tenester, til dømes barnehage eller skule, ved behov.

Fysioterapeuten held til i underetasjen på Solund helsetun.

Meir informasjon om fysioterapitenesta finn du her

 

 

 

Ergoterapeuten sitt hovedfokus er å legge til rette for størst mogeleg sjølvstende hos personer der sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetjing er til hinder for aktivitet og gjennomføring av daglege gjeremål. Dette innebærer mellom anna

  • kartlegging av individuelle behov
  • trening i ulike ferdigheiter og bruk av teknologi
  • søke om og/eller tilpasse hjelpemidler samt tilrettelegge fysiske omgjevnader

Ergoterapeuten tilbyr tenester til alle innbyggjarane – uavhengig av alder. Tenesta samarbeider tett med andre tenester i kommunen.

Les meir om ergoterapitenesta her

Barnevernet skal vera ein garanti for at alle barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Dei skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirke at barn lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen kan klare sitt oppdragaransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom støtta ikkje nyttar.

Her kan du lese meir om Hafs barnevernsteneste.

 

BUP gir tilbod til born, ungdom og familiane deira. Tilbodet består av ulike typar tverrfagleg utgreiing- og poliklinisk behandling, ofte i tett samarbeid med familie og med kommunale hjelpeinstansar, skule og barnehage med meir.

BUP jobbar ofte saman med andre offentlege instansar, som til dømes skule/ barnehage, fastlege og helsestasjon.

Solund kommune er tilknytta Førde BUP. Meir informasjon finn du her

Familievernkontoret gjev tilbod om rådgjeving og rettleiing når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med familievernkontoret, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling.

Solund kommune høyrer til Familiekontora for Sunnfjord og Sogn. Meir informasjon finn du her

 

Krisesenteret tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til alle kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Du treng ikkje vere i ei akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Solund høyrer til Krisesenteret Sogn og Fjordane.

Krisesenteret kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside om vald i nære relasjonar og gir informasjon om kor lite du skal finne deg i.