I situasjonar der barn og unge treng hjelp i ein fase i livet, nyttar kommunen ein elektronisk logg som sikrar dokumentasjon, samarbeid, framdrift og gode overgangar i hjelpearbeidet. Informasjon om logg og eit signert samtykke er nødvendig for oppretting av logg. Stafettloggen er ein digital samhandlingsplattform mellom born, føresette og tilsette i kommunale tenester.
Solund kommune nyttar Visma flyt samspill sin stafettlogg Flyt Samspill – Logg inn
Stafettlogg er ei elektronisk loggbok for ditt barn/ungdom, der informasjon om alle
hjelpetiltak som er sette i verk og involverte personar og tenester er samla på ein stad.
Loggen gir ei oversikt over:
• alle avtalar som er inngått
• kva offentlege tenester som er involverte i hjelpetiltaka, og kva oppgåver dei har
• kva fagpersonar som er involverte i hjelpetiltaka, og kva oppgåver dei har
Ved å gjere informasjon lett tilgjengeleg, skal stafettloggen bidra til å gjere overgangar mellom ulike nivå i tiltaksarbeidet lettare for alle involverte. Foreldre/føresette må alltid godkjenne at det vert oppretta ein stafettlogg for eit barn eller ein ungdom. Som foreldre/føresette får de tilgang til å lese i den elektroniske loggen, og dermed kan de til ei kvar tid halde dykk oppdaterte på kva loggen inneheld av informasjon. Det er berre føresette til barnet, og offentlege tenester som dei føresette gir samtykke til innsyn, som kan få lesetilgang til stafettloggen.